bakgrunn.jpg

Er du klar for å bruke badetøyet?

Då treng vi deg på laget!

Alverbadet AS som organisasjon

Alverbadet AS er ein ideell organisasjon/selskap – eit lokomotiv for etablering av eit folkebad som vil gi eit løft for innbyggjarar og næringsliv i Nordhordland, folkehelse og attraktivitet for regionen. Formålet er å produsere svømmehall-tenester for publikum, idrett og undervisning.

Alverbadet AS vart stifta i februar 2022 og er eigd av Reigstad Bygg og Eigedom AS og Nordhordland Næringslag. Alverbadet AS er eit ikkje-økonomisk selskap. Før byggestart vil selskapet verte eigd av idretten med minst 50 % for å kvalifisere til kommunal lånegaranti samt gi rett til spelemidlar.

Alverbadet AS skal vere utbyggar, eigar og skal drifte anlegget som ein profesjonell organisasjon, med fast tilsett personale. Alver kommune har inngått ein intensjonsavtale med Alverbadet som inneber vederlagsfri festing av tomt, tenestekjøp og lånegaranti. Alverbadet AS har inngått avtale med Backe Idrettsbygg AS om prosjektering og bygging av anlegget.

Stiftelsesdokument Alverbadet AS

Intensjonsavtale med Alver kommune

Historikk

Sommar 2021: Initiativet til etablering av Alverbadet vart teken

Februar 2022: Alverbadet AS vart formelt stifta

April 2022: Alver kommune ved kommunestyret vedtok 7. april 2022 einstemmig å inngå ein intensjonsavtale med Alverbadet

Februar 2023: Alverbadet oppnår målsetjinga om innsamling av 800.000 kr til oppstart av forprosjekt

2024: Alverbadet held anbodskonkurranse for å undersøkje prisnivå og alternativ

Framdriftsplan

Juni 2025: Statusmøte med Alver kommune

Q1 2026: Presentasjon i formannskapet

Q2 2026: Politisk handsaming av invitasjon til samarbeid

Q1 2026: Offisiell invitasjon til samarbeid blir send kommunen

Q2+Q3 2026: Prosjektering – tilbod om totalentreprise i fastpriskontrakt

Q4 2026: Fullfinansiering ordna - investeringsavgjerd

Q1 2027: Byggjestart

Q3 2028: Opning

 
 

Alverbadet si førebelse fysiske form

Alverbadet er planlagt mellom Nordhordlandshallen og Rådhuset i Knarvik. Tomta/området er regulert til føremålet.

I dei førebelse planane er det lagt opp til:

  • Konkurransebasseng 25 x 15,5 m
    m/ hev/senk i delar av bassenget

  • To opplærings- og terapibasseng 12,5 x 9,5 m
    m/ hev/senk. Tilrettelagt for høgare vasstemperatur

  • Stupetårn
    1 m svikt og 3 m plattform

  • Store garderobar
    eigne familiegarderobar og trenargarderobar

  • Vassklie

  • Badstove

  • Kafeteria

  • Sosialt rom

Bidra og bli ein del av Alverbadet

Vi set pris på alle som bidrar med både stort og smått.

Alle som bidrar med kr 500,- og oppover vil få sitt namn eller firmanamn inngravert på ein namnevegg i hallen. Namnet vil stå der for evig og alltid.

Fyll ut kontaktskjemaet med namn, e-postadresse og beløp du ønskjer å bidra med, så tar vi kontakt med deg for å ta imot bidraget.

Bedrift eller privatperson

Kroner samla inn til no: 1.003.200

PRIVAT

Namn i Bronse kr. 500 - 999

Namn i Sølv kr. 1000 - 9 999

Namn i Gull kr. 10 000 - 99 999

Namn i Platina kr. 100 000 +

BEDRIFT

Namn i Bronse kr. 1000 - 9 999

Namn i Sølv kr. 10 000 - 49 999

Namn i Gull kr. 50 000 - 199 999

Namn i Platina kr. 200 000 +

Bidragsytarar bedrift

200 000,-

100 000,-

100 000,-

100 000,-

100 000,-

100 000,-

50 000,-

50 000,-

50 000,-

30 000,-

30 000,-

30 000,-

25 000,-

5 000,-

5 000,-

5 000,-

2 000,-

1 500,-

1 000,-

Bidragsytarar privat

Espen Haugan

2 000,-

Tor Ole Mølstre

2 000,-

Atle Haugen

1 500,-

Jan Erling Kleppe

1 200,-

Solveig Haugland Hauge

1 000,-

Stig Inge Hølleland Natås

1 000,-

Stig Roar Butler Lokøy

1 000,-

Frode Sandvik

1 000,-

Bjørne Kleppe

1 000,-

Ine Beate Kleiven

1 000,-

Torunn Johannessen

1 000,-

Benedicte Rasch

1 000,-

Bjørg Irene Kleiven

1 000,-

Martin Eknes

500,-

Elisabeth Skjelvik Stiansen

500,-

Ove Henriksen

500,-

Tormod Skurtveit

500,-

Kjetil Sæle

500,-

Åshild Vågenes

500,-

Saman når vi målet!

Gi ditt bidrag til Alverbadet du også.